torsdag 14. februar 2008

Kven eier DIN seksualitet?

Godt nyttår kvinns og kameratar!
Den Hårete Armhulen er tilbake, sterkare og meir hårate enn NOKON GONG, og i dag skal det handle om det fantastiske fenomenet nokon glupingar valte å kalle SEKSUALITET. Dei same glupingane fann i same slengen på at menn skulle ha makt og definisjonsrett over kvinner og deira kropp og kjensler. Dette byrjar å bli nokre år sidan, og mange av oss har skjønt at det er ikkje riktig at det er sånn.

JAVEEEEL, seier du, kva for makt? Kva for definisjonsrett? Vi lever jo i eit hyggeleg demokrati, og vi er verdas beste på likestilling? Kva masar dykk om, stygge ekle mannehatare? Jau, DET SKAL EG FORTELJE DEG!
Lat oss byrja der vi begynte; SEX!SEX!SEX! Punktvis.

Ein. Porno. Folk som har sex med kvarandre mot betaling. På film. Heng tett saman med fenomenet prostitusjon av logiske grunnar. Uansett. Kva folk er det du tenkjar på når du høyrer ordet porno? Kva rolle har desse folka? Og kvifor har dei det? Svar på spørsmål ein: Kvinner. 2: Damer blir teken, menn tar. Gjerne hardt og brutalt, gjerne med ei knyttneve eller to (fisting) og gjerne i alle hol. Spørsmål tre: Ja, kvifor er det sånn at kvinners seksualitet blir degradert til ein passiv mottakarrolle og til tre gapande hol kor menn kan stikke pikken sin i? Eg er kvinne, og eg kjenner meg ikkje igjen i dette biletet av sex. Dette bilete som gjer sex og kvinnekropp til ei vare du kan kjøpe, bruke og selje vidare til kompisane dine.
OGSÅÅÅÅ kjem det ein eller anna fjortenåring som tilbringar store delar av kvardagen sin foran MTV eller ronkande til månadens deilige jente i FHM, og seier at "jaaaa men vi gutar SKJØNNER jo forskjellen på porno og den verkelege verda. Vi veit kva som er forskjellen på skikkelege jenter og dei i pornobladane! Men eg liker ikkje at dei har hår på fitta."
Og kva skjer? Kjem ikkje mjukpornoen, med Team Rask og yo-yo-bling-bling-bitch-ass-musikkvideoar i spissen, inn i stua di og fortel deg kva slags forventningar du skal ha til din potensielle kjæraste? Gjer dei ikkje det? Fortel deg dei at kvinner er andre menneske, at vi er menneske du har med å respektere på lik linje med gutevennane dine? Nei? Eg berre spør.

2. Kjønnsorgana dine. Kva kallar du dei? Om du er mann har du ti tusen forskjellige namn du kan kalle penisen din. Hadde eg heitt Jonas, ville eg til dømes ha døpt han lille-jonas. Eg er jente, og eg har ingen namn eg kan bruke på mitt kjønnsorgan utan at det gjer meg kjensla av enten a) at eg har biologiprøve, b) at eg har eit lite dyr med hale mellom beina, eller c) at eg er ei skitten hore og at sex er noko ein ikkje eier, liker eller tenkjer særleg på. Og det må eg berre innrømme at eg gjer.

3. Valdtekt. Den yttarste konsekvensen av menns makt over kvinner. I Europa, i Noreg, i verdas beste land å bu i, kor likestillinga er flott og fantastisk og kor vi driv med kvotering og anna likestillingsarbeid - blir framleis kvinner valdteken. Av menn. Eg kjenner at eg blir så uendeleg forbanna, så UENDELEG FORBANNA MED STORE BOKSTAVAR! Og kvifor? Fordi kvinner blir bedt om å passe betre på seg sjølv. Fordi eg ikkje tør å gå heim frå byen. Fordi eg veit at berre ti prosent av alle valdtekter er tilfeldige overgrep på gata, som tyder at ein ikkje kan stole på sine beste venner. Fordi ein kan lese i backpackerbøker kor ein ikkje kan reise om ein er jente. Fordi det er verdas styggaste form for vald. Fordi det er noko som skjer dagleg. Fordi nokon ser ut til å tru at det ikkje er noko vi kan gjere med det, sidan det er eit fenomen som alltid har vore der. Fordi ofrene ikkje blir møtt med respekt når dei anmelder det. Fordi det er noko ufatteleg grusomt som hender jenter fordi dei, ja, nettopp, er jenter.

Og kva skal vi då gjere? Gå på sjølforsvarskurs? Sende taxireikninga til menn i viktige posisjonar, som til dømes Jens Stoltenberg? La vere å drikke oss fulle på byen? Ikkje ha mannlege venner? Kjøpe kyskhetsbelte? Kjønnsoperere oss?
For det første: Eg har ikkje tenkt å gjere så mykje anna enn å drive kommunistisk arbeid, og fortelje folk at det berre i eit kommunistisk samfunn ein kan skape full kvinnefrigjering. Og det at valdtekt skjer, tyder på at noko er alvorleg gale med samfunnet vårt.
Kva skal desse mennene då gjere? Dei blir sure om man seier "HEI! MENN! TA ANSVAR OG VIS AT DU TEK AVSTAND FRÅ VALDTEKT!" fordi dei er jo ikkje sexistar og dei valdtek jo ingen. Dei fleste av mine mannlege kameratar seier ikkje dette, og eg trur jo dei er greie gutar. Men det drit eg i i lengden. Eg drit i kor kjipt det er å bli stigmatisert, for SÅRRI BÅRRI, det er kjipare å bli valdteken. Eg drit i kva mine kameratar seier når eg gjeng heim frå byen, for då er dei ikkje der og har gode haldningar. Eg drit i kor lite du bryr deg om porno og at du vil ha naturlege damer med fine formar når du allikevel har eit innebygd auge som får alle kvinner til å sjå ut som SEX med store bokstavar.

Eg kunne sjølvsagt drege fram mykje, mykje meir ting som er kjipe, men eg sparar dei til neste gong. No gler eg meg berre til kommentarfeltet fyllast opp! :D